Fosnavåg Konserthus – Grand Opening

konserthusFoto: Kristoffer Nærø Ytterland, www.meirenntusenord.com

I slutten av oktober har det splitter nye konserthuset i heimbygda mi, Fosnavåg, si offisielle åpning. I forbindelse med dette blir det arrangert to åpningskonsertar der det ikkje blir spart på noko. Med KORK som “husorkester” og navn som Leif-Ove Andsnes, Magne Furuholmen, Magnar Åm og den spanske songaren Concha Buika, i tillegg til mange lokale aktørar, blir dette ei storslått hending ute i havgapet.

Til desse konsertane har eg komponert og arrangert ei låt som skal framførast av dei lokale vokalistane Camilla Frantsen og Elise Nærø, jazzpianist Norvald Dahl, undertegnede på trompet og Kringastingsorkesteret (KORK). Eg skjønte fort at dette blei mi største kompositoriske utfordring så langt etter at eg byrja å plotte inn alle instrumenta i eit partitur. Men etter kyndig veiledning av trombonist og komponist/arrangør Helge Sunde på NMH enda eg til slutt opp med eit tilfredsstillande produkt til ære for mi vakre heimbygd. Han har fleirfoldige KORK-arrangement på CV´en, og fekk meg på rett spor og ga meg eit innblikk i eit symfoniorkesters mangfoldige univers.

Å bevare essensen i låta samtidig som man utnyttar dei store mulighetene eit orkester gir innen instrumentering, uttrykk og dynamikk er ikkje gjort i ei handvending. Men etter fleire månader med tankespinn, lange notasjonsnetter og fleirfoldige edits har eg omsider enda opp med eit verk. Låta har fått navnet “Back Home”. Teksta er skrevet av Camilla Frantsen og omhandlar følelsen av å alltid ha ei trygg havn å kome heim til når man iblant kan føle seg einsam og utilstrekkelig ute i den store verda. Eg gleder meg storleg til å kjenne på denne kjensla samtidig som eg får oppleve mitt verk med eit 50-manns orkester foran venner og kjente i Fosnavågs nye storstue!

Konserten blir lydfesta, og låta blir lagt ut her. Så stay tuned:)

Sjekk ut info om arrangementet her: http://www.fosnavagkonserthus.no/omtale/?s=ck7a5l

-V

Leave a comment